Rydding og vasking …
24th mars, 2007
… det er keisamt det. Men det må gjerast for at det skal verta triveleg å vera heime. Så i dag har eg rett og slett teke å vaska badet, stova og begge soveromma. Akkurat nå kjende eg at sveitten tok makta ifrå meg, så eg sit her og tar ein liten “pause” frå arbeidet. Vatn i koppen, tastatur under fingrane. Det er slik pausar skal vera.
Når du les dette, så ser du kanskje at alt er på nynorsk. Det er jammen lenge sidan eg har skrive på nynorsk. Eg må kanskje heilt tilbake til vidaregåande skule for sist gong eg gjorde noko tilsvarande, og det var rett og slett vilt vanskeleg å gjennomføre. Men no kjende eg at det var for teit å gje opp, så eg skriv resten på nynorsk. Saka er den at eg har lova Helen å skriva minst fem innlegg i bloggen på nynorsk. Så eg vonar dykk å ha tolmod når desse postane vart leste. Har du sjølv eit behov for å skriva nynorsk, så kan eg hjarteleg anbefale denne ordboka som ligg på tenaren til Universitetet i Oslo: http://www.dokpro.uio.no/perl/ordboksoek/ordbok.cgi
Lykke til.
Entry Filed under: Tenkte tanker. .
2 Comments Add your own
Leave a Comment
Some HTML allowed:
<a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>
Trackback this post | Subscribe to the comments via RSS Feed




1.
Erlend | 28th mars, 2007 at 20:24
“Når du les dette, så ser du kanskje at alt er på nynorsk.” Vel, alt og alt, sjå det eina verbet i setningen ittepå
2.
Teruhiko Mori | 01st april, 2007 at 19:55
Sjå der. Det er ikkje lett å sjå eigne feil altså. Har retta det no.